Inge Boen Hydroniq Coolers left Brynje Vethe Weldteam right
GÅR SAMAN: Dagleg leiar Inge Bøen i Hydronic Coolers (t.v.) og styreleiar Brynje Vethe i Weldteam blir i løpet av 2025 del av eitt selskap.
Kort fortalt

Hydronic Coolers overtek Weldteam

Skal gjennomføre samanslåing i løpet av året.

11.08.2025

Det er Hydroniq Coolers-eigar SMV Invest som kjøper aksjane i Weldteam, med mål om gjennomføre ei samanslåing innan 2025 er omme, ifølgje ei pressemelding. Kjøpesum er ikkje oppgitt.

Hydroniq Coolers på Ellingsøya lagar kjølesystem og varmevekslingsanegg for skip og landbaserte anlegg. Weldteam i Søvika er ei mekaniske industriverksemd som mellom anna har spesialisert seg på produksjon av trykkpåkjent utstyr.

Dei to bedriftene har tidlegare vore ein del av same konsern. 

Weldteam heitte tidlegare Sperre Sveis, men skifta namn til Weldteam i 2021 då dei tilsette overtok bedrifta frå Sperre Industri. 

Sperre Industri var i sin tur eigd av SMV Invest fram til selskapet vart seld i 2018. I samband med det salet vart Hydroniq Coolers (tidlegare Sperre Coolers) ikkje med på kjøpet, men vart verande i SMV Invest sitt eige.

Weldteam har 10 tilsette. Sju av dei var eigarar av selskapet fram til salet med 14 eller 15 prosent eigarandel, ifølgje databasen Proff.no: Brynje Vethe, Yendami Petit Sjøvik, Bård Inge Farstad, Eldar Jarle Farstad, Rolf Kåre Farstad, Arne Jostein Kjerstad og Pål Børre Flem.

Hydroniq Coolers as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt92,972,5
Driftsresultat2,99,2
Resultat før skatt2,98,8
   
Weldteam as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt21,818,2
Driftsresultat2,51,2
Resultat før skatt2,61,3

Publisert: 11.08.2025 08:48

Sist oppdatert: 11.08.2025 08:48