(NPK): Marinbiologar har funne ut at håkjerringar kan bli mellom 270 og 510 år gamle. Det gjer haien til det eldste virveldyret i verda.
Fram til no har forskarane visst svært lite om biologien og levesettet til håkjerringa. Men no har marinbiologar frå UiT Noregs arktiske universitet og Københavns Universitet funne ein metode som avslører ein av løyndommane til den gåtefulle haien, skriv Forskning.no.
Ved hjelp av karbon-14-datering av augelinsa, har forskarane klart å finne alderen til håkjerringa, og den er ikkje til å kimse av. Arten blir nemleg ikkje kjønnsmoden før han er 130 år gammal, og har ein levealder på mellom 270 og 510 år.
Metoden karbon-14-datering er vanleg i arkeologien, men den kan også brukast på håkjerring fordi den blir så ekstremt gammal. (©NPK)

Publisert: 12.08.2016 11:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44