Sætre er i dag adm. dir. i Vard Electro, og grunnla det som vart Vard Electro i 1997. Han har leia selskapet frå starten til i dag, med 1,7 milliardar i omsetning og 950 tilsette i fire verdsdelar.
Han overtek etter Asbjørn Solevågseide som har leia Optimar Stette sidan det vart grunnlagt i 2003.
Solevågseide vil halde fram i selskapet som leiar for salsaktivitetane.
Dette vert opplyst i ei pressemelding fredag.
Optimar Stette har over 200 tilsette og er ein leiande leverandør av automatiserte løysingar for prosessering av sjømat.
Omsetninga er på rundt ein halv milliard kroner.
Sjefsskiftet skjer etter at Solevågseide har bede styret om avløysing. Dette for styrke toppleiinga i lys av forventa vidare vekst og internasjonal ekspansjon, og for å kunne fokusere endå meir på kundar, marknad og forretningsutvikling.
Sætre vil tiltre i løpet av dei næraste seks månadene.

Publisert: 03.06.2016 14:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46