NPK-NTB: Veksten i talet på jobbar minkar, medan lønningane veks, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Månadslønna auka med 5,4 prosent i andre kvartal frå same tid i fjor. Det er den høgaste veksten for andre kvartal som har vorte målte, ifølgje seniorrådgivar Stine Bakke i SSB.
Byrået byrja å føre statistikk på dette i 2016.
Samtidig auka talet på jobbar med 27.000, ein moderat auke på 0,9 prosent, viser tal frå SSB.
Jobbveksten var høgast blant dei under 25 år og dei over 55 år, med høvesvis 1,6 og 3,1 prosent. Auken i talet på jobbar ser likevel ut til å minke dei siste åra, spesielt i privat sektor. Ifølgje Bakke er veksten i privat sektor no den lågaste for eit andre kvartal, med unntak av 2020.
Publisert: 08.08.2024 12:59
Sist oppdatert: 08.08.2024 12:59