(NPK-NTB): I september steig den årlege prisveksten til 3 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det kjem primært av auken i straumprisane frå i fjor.
Frå august til september gjekk prisveksten opp med 0,4 prosentpoeng frå august, då prisveksten var på 2,6 prosent, ifølgje byrået.
– Prisutviklinga på straum var den viktigaste årsaka til at veksttakten i KPI auka frå august til september. I månadene fram til august i år var straumprisane lågare enn på same tid i fjor. I september var dei derimot nesten 8 prosent høgare enn for eitt år sidan, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i SSB.
Prisane på elektrisitet inkludert nettleige gjekk opp med 5,2 prosent frå august til september. I fjor fall straumprisane, og derfor blir no tolvmånadersveksten trekt stort opp i KPI.
Kristiansen forklarer at straumprisane i fjor var spesielt låge i delar av landet i etterkant av ekstremvêret Hans, og at det då var mykje vatn i vassmagasina.
Publisert: 10.10.2024 08:46
Sist oppdatert: 10.10.2024 08:46