Kort fortalt

Høgare prisar slukte halve lønnsauken din

Veksten i det du faktisk kan gå i butikken og kjøpe deg noko for er nesten halvert det siste året. Svak krone og høgare prisstiging får skulda.

17.02.2014
(NPK-NTB): Over halvparten av den gjennomsnittlege lønnsauken i fjor vart nemleg eten opp av raskt veksande inflasjon, viser den førebelse rapporten frå Det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Når striden mellom LO og NHO har stilna, støvet lagt seg og såra er plastra, er det denne rapporten som fortel oss korleis det eigentleg gjekk med lønna vår i året som har gått.
Den gjennomsnittlege lønnsauken vart 3,9 prosent, noko som betyr at også i fjor vart ramma på 3,4 prosent, sett av Norsk Industri og Fellesforbundet, sprengt.
Tilsette i finansnæringa tok heilt av og sikra seg ein lønnsauke på 6,7 prosent, først og fremst etter å ha fått svært romslege bonusar, ifølgje utvalsleiar Ådne Cappelen. I motsett ende av skalaen ligg lærarane, som i fjor hadde ein lønnsauke på 3,25 prosent.
Likevel kan det sjå ut som om også folk flest har fått nyte godt av at det så langt har gått bra i norsk økonomi. Trass i formaningar om moderasjon i fjor, ligg lønnsauken omtrent på nivå med dei to førre åra. Det er først og fremst prisstiginga som gjer at reallønnsauke etter skatt «berre» er på 1,8 prosent, mot 3,2 prosent året før.

Publisert: 17.02.2014 17:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21