Kort fortalt

Høgast arbeidsløyse i Vågsøy

Vågsøy har høgast arbeidsløyse av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, med 4,3 prosent.

Ivar Myklebust Longvastøl
31.01.2014
Det viser januar-tala frå NAV i Sogn og Fjordane.
Ein annan kystkommune, Flora, står for den største auken i arbeidsløysa med 95 fleire ledige enn ved utgangen av januar i fjor.

Auke i bygg og anlegg

-Talet på ledige innan bygg og anlegg auka frå 129 i desember til 170 no i januar. Det er normalt med ein auke på denne tida av året, men auken er litt større enn vi kunne ønskje oss, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Rogaland lågast

Ved utgangen av januar er det 1332 heilt arbeidslause i Sogn og Fjordane. Dette er ein auke på 192 personar, eller 17 prosent, frå januar i fjor. Dette er noko meir enn landet sin auke på 12 prosent. Med 2,3 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid i januar, er det berre Rogaland med 2,2 prosent som har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane.

Mange nye stillingar

I januar vart det lyst ut 532 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på éin prosent frå same månad i fjor. Ingeniør- og ikt-fag har størst auke med 34 prosent, mens kontorarbeid og undervisning har størst reduksjon.
Les heile pressemeldinga .

Publisert: 31.01.2014 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22