Kort fortalt

Høgaste oljeproduksjon sidan 2009

57 prosent av ressursane er selde og levert.

20.02.2026

NPK-NTB: – Ressursrekneskapen viser at det er høg produksjon av både væske (til dømes olje, jour.anm) og gass, og at tilvekst av reservar erstattar 60 prosent av produksjonen, seier Nadine Mader-Kayser, underdirektør for Analysar i Sokkeldirektoratet, i ei pressemelding.

Totalt vart det selt og levert 15.611 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar. Det er ein auke på 111 millionar Sm3 oljeekvivalentar samanlikna med året før.

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som ikkje er produserte, men som det er vedteke at skal produserast.

Rundt 57 prosent av dei totale ressursane på norsk sokkel er selde og leverte, og 14 prosent er reservar som enno ikkje er produserte, skriv Sokkeldirektoratet.

7 prosent er i prosjekt som ikkje er vedtekne, og 22 prosent av dei totale petroleumsressursane er enno ikkje funne.

Publisert: 20.02.2026 13:04

Sist oppdatert: 20.02.2026 13:04