Kort fortalt

Høge straumrekningar resten av vinteren

Truleg til påske spår kraftanalytikar.

NPK
16.02.2021

(NPK-NTB-Helle Høiness): Mange fekk sjokk då årets første straumrekning kom etter at vinterkulda slo til. No viser utrekningane at vi heilt fram til påske må vente høge straumprisar.

– Så klart det er ganske dyrt i år, men det er ikkje så mykje ulikt frå første kvartal 2019 til dømes, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv til NTB.

Det var fjoråret som var uvanleg. Dette er neppe ei trøyst i desse dagar, men i 2020 var det den lågaste straumprisen på 18 år, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Då var gjennomsnittleg straumpris for hushalda, utanom avgifter og nettleige, på 20,7 øre per kilowattime.

Rekord sist fredag
I år vart det sett rekord fredag for bruk av straum i Noreg (12. februar). Vi har aldri brukt så mykje straum som vi gjorde mellom klokka 9 og 10, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat. Dette påverkar straumprisen, sjølv om det ikkje er mangel på vatn i magasina. Vassmagasina i landet har normalisert seg etter at dei bli fylte opp i 2020.

– Visst det er høgt forbruk som er heilt på kapasitetsgrensa, blir det veldig dyrt, forklarer kraftanalytikaren. Dette heng saman med kor mykje produksjonskapasitet som er tilgjengeleg. Då er vi faktisk avhengig av import for å dekkje forbruket, seier kraftanalytikaren.

Djupskås har anslått korleis prisane vil utvikle seg i vekene framover til 1. april og påska (første kvartal). Den viser at prisen i år vil liggje litt over det som er førre normalåret, som var i 2019.

Eit gjennomsnittshushald som bruker 20.000 per kilowattime i året, må vere førebudd på å betale 4.432 kroner for straumen for første kvartal i 2021. På toppen av dette må alle forbrukarane betale nettleige frå det lokale nettselskapet. I 2020 var den tilsvarande straumrekninga for første kvartal på 1.717 kroner og i 2019 var ho på 4.316 kroner.

Inkassoselskap
Det er inga trøyst for forbrukarane at straumrekninga eigentleg er tilnærma normal.

Inkassoselskapa merkar at fleire slit med rekningar. Fleire av dei som er permitterte som resultat av koronarestriksjonane, er dei låglønte. Mange har ikkje ekstra pengar å bruke når inntektene krympar.

– I fjor haust såg vi ein auke i talet på inkassosaker knytt til hushald som ikkje betalte straumrekningane sine. Den trenden har halde fram så langt i år. Dette er utgifter som ein normalt prioriterer å betale, og auken i slike inkassosaker tyder på at fleire har fått dårlegare råd under pandemien. I tillegg har straumprisane gått kraftig opp no i vinter, noko som legg eit auka økonomisk press på ein del hushald, seier kommunikasjonsdirektør Bunny Nooryani i Lindorff.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2021 20:14

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:54

Mer om