Kort fortalt

Høgresida kraftig fram i Vestland

Men framleis fleirtal for dagens koalisjon.

17.08.2023

(NPK-NTB): Høgre går fram 7,4 prosentpoeng og får ei oppslutning på 25,3 prosent i ei ny fylkesmåling i Vestland. Senterpartiet fell 5,7 prosentpoeng.

I Vestland er det Sp, Ap, KrF, SV, Venstre og MDG som styrer skuta, men høgresida fossar fram på den nye fylkesmålinga Norstat har gjort for NRK , Bergensavisen , Avisa Hordaland , Sogn Avis og Firda.

Høgre får 25,3 prosent på målinga, som er 7,4 prosent fram samanlikna med valet i 2019. Det betyr fem nye mandat på fylkestinget.

Senterpartiet, som i dag har fylkesordføraren, går tilbake 5,7 prosentpoeng og får 10 prosents oppslutning – som i så fall fører til tre færre mandat på fylkestinget. Trass i Sps fall har dagens styrande koalisjon fleirtal.

Heile målinga (tala i parentes er samanlikna med valet i 2019):

H 25,3 (+7,4), Ap 17 (-3,4), Sp 10 (-5,7), Frp 10 (+1,4), SV 8,7 (+2,3), Krf 5,7 (+0,8), MDG 5,4 (-1,7), V 4,7 (+1,2), INP 4,7 (+4,7), R 3,4 (-), Pensjonistpartiet 1,6 (+0,5) Konservativt 1 (+0,2), Folkets Parti 0,8 (-8,3) Noregsdemokratane 0,5 (+0,2), Andre 1,3 (+0,5).

Viss dette blir resultatet valdagen, blir mandatfordelinga i fylkestinget slik:

H 17 (+5), Ap 11 (-3), Sp 7 (-3), Frp 7 (+1), SV 6 (+2), Krf 4 (+1), MDG 4 (-1), V 3 (+1), INP 3 (+3), R 2 (-), Pensjonistpartiet 1 (-), Folkets Parti 0 (-6).

Målinga er teken opp mellom 3. og 11. august og består av 999 intervju. Feilmarginen er frå 0,2 til 3,4 prosentpoeng.

(©NPK)

Publisert: 17.08.2023 09:05

Sist oppdatert: 17.08.2023 09:05

Mer om