NPK-NTB: 732 millionar kroner vil gå tapt under julehandelen i år som følgje av tjuveri frå butikkane, anslår Virke.
I desember stel tjuvar varer for rundt 388 millionar kroner, mens butikktilsette stel for rundt 205 millionar kroner frå eigen arbeidsplass.
Dermed er det tjuvar som oppsøkjer butikkar som utgjer den største delen svinn i butikkane, heile 53 prosent. Utru tilsette kjem på ein andreplass, og utgjer 28 prosent av butikksvinnet.
Tala er baserte på tidlegare undersøkingar av gjennomsnittleg svinn i Noreg, utført av Centre for Retail Research i Storbritannia.
– Vi veit at den auka aktiviteten med mange menneske i butikkane og mange vikarar kan redusere merksemda til dei tilsette, seier sikkerheitsrådgjevar i Virke Thor Martin Bjerke.
I Noreg utgjer butikktjuveri 0,7 prosent av omsetnaden i desember.
Sjølv om det blir stole for fleire hundre millionar i desembermånadane, er det ikkje dei profesjonelle tjuvane som er mest aktive. Sidan det både er fleire tilsette og fleire vektarar i butikkane i desember, blir det vanskelegare for tjuvane i juletida enn elles i året.
– Mange er profesjonelle, mobile utanlandske grupper, og fleire reiser ut av landet i samband med julehelga og avsluttar aktivitetane sine eit par veker før jul, seier Bjerke.

Publisert: 20.12.2017 17:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40