(NPK): Høgskulane i Volda, Molde og på Lillehammer har fått frist til 15. januar med å klarleggje for Kunnskapsdepartementet korleis ein allianse mellom dei tre skal kunne heve kvaliteten på forskinga og undervisninga ved høgskulane.
Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet har dessutan bedt høgskulane om å vurdere det aktuelle alliansealternativet opp mot andre alternativ, til dømes fusjonar.
Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda synest det er interessant at departementet no vil ha ei kvalitetsvurdering av alliansemodellen.
– Alle fusjonar har så langt vorte godkjende utan at Kunnskapsdepartementet har vurdert dei moglege kvalitetsgevinstane, så ei kvalitetsvurdering av alliansemodellen blir nytt også for departementet, seier Roppen.
Dei tre høgskulane ønskjer å gå saman i ein lausare samarbeidsallianse framfor å fusjonere. Torsdag og fredag denne veka skal styret ved Høgskulen i Volda mellom anna drøfte ein invitasjon frå Universitetet i Bergen om eit tettare samarbeid. (©NPK)

Publisert: 26.10.2015 11:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50