Kort fortalt

Høgste straumforbruket nokon gong

Onsdag vart det sett ny rekord.

20.01.2016
(NPK-NTB): Straumforbruket i Noreg har aldri vore høgare enn det var onsdag formiddag.
Onsdag mellom klokka 8 og 9 vart det brukt 24.190 megawattimar straum i Noreg. Det er ny rekord, opplyser Statnett.
– Det er kaldt, og dermed må det til ekstra mykje straum når folk skal varme opp hus, kontor og andre bygg, seier konserndirektør Øivind Rue i Statnett.
Førre rekord vart sett i same tidsrom om formiddagen 23. januar for tre år sidan. Då vart det brukt 24.180 megawattimar straum.
– I Noreg er det vanleg å bruke straum til å varme opp rom, og forbruket går derfor naturleg opp når temperaturen går ned. I tillegg har prisane på straum no i ein lang periode vore forholdsvis låge, slik at store og små forbrukarar bruker straum framfor andre alternativ dei kan ha, seier Rue.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder samtidig om at den norske kraftproduksjonen no er på eit rekordhøgt nivå. I veke to vart det produsert heile 4,1 terawattimar straum, det høgste talet som nokon gong er registrert. (©NPK)

Publisert: 20.01.2016 20:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48