(NPK-NTB): Nordic Minings omstridde gruvedrift på Engebø med sjødeponi i Førdefjorden skal starte opp i fjerde kvartal, i tråd med planen, melder selskapet.
– Nordic Mining held fram med testing av produksjonslinjer og utstyr, og forventar første malm til mølle og første produksjon i fjerde kvartal i år. Dette markerer ein viktig milepæl for opptrapping av produksjonen, seier Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining i ei pressemelding.
Miljørørsla har kjempa – og held fram med å kjempe – for å hindre at selskapet skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si i Førdefjorden. Staten har tillate dumping av opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden.
I januar i år, etter 16 års kamp, tapte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom i Oslo tingrett. Retten slo fast at løyvet til å drive gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er gyldig.
Nordic Mining er no godt i gang med ferdigstillinga av industrianlegget på Engebø.
Til saman er det investert 2,6 milliardar kroner i Engebø-prosjektet, som er under bygging. Konsernet har så langt ingen salsinntekter.
Miljørørsla har likevel ikkje gitt opp håpet og har varsla at dei tek saka vidare til lagmannsretten.
I samband med dette har organisasjonane bede om ein rådgivande uttale frå Efta-domstolen. Etter at saka var oppe i Efta-domstolen 16. oktober, har miljørørsla eit håp om at domstolen vil slå fast at løyvet til staten er i strid med EUs vassdirektiv.
Efta-domstolens avgjerd vil truleg komme på nyåret.
(©NPK)
Publisert: 05.11.2024 14:10
Sist oppdatert: 05.11.2024 14:10