Kort fortalt

- Ikkje krise med russisk fiskebåtnekt

Råfisklaget: Nekt av russiske fiskebåtar ikkje dramatisk.

07.04.2022

Ein nekt av russiske fiskebåtar i norske hamner vil merkast, men ikkje innebere noka stor krise, meiner Noregs Råfisklag.

Administrerande direktør Svein Ove Haugland i Noregs Råfisklag seier til NTB at lite av fisken som blir landa av russiske fiskebåtar, blir foredla i Noreg. Det meste blir sendt rett til kontinentet utan tilverking.

Slik sett vil ei utviding av sanksjonane mot Russland til å omfatte nekte russiske skip å leggje til i norske hamner, bli avgrensa.

– Det vil merkast tydeleg, meg eg vil ikkje seie det vil vere dramatisk, seier Haugland.

EU-kommisjonen la tysdag fram den femte sanksjonspakken retta mot Russland. I han inngår eit forslag om å innføre forbod mot russiske skip i EU-hamner. Særleg i Nord-Noreg legg mange russiske fiskebåtar til for å lande fangstane sine, bunkre og laste forsyningar. For dei som driv service opp mot dei russiske skipa, vil sanksjonar kunne bli meir merkbart.

Mange har uttrykt uro for konsekvensane, men i det største fiskesalslaget er ein ikkje like urolege, og Haugland seier det er viktig å delta i markeringa mot den russiske krigføringa i Ukraina.

– Det vi derimot er opptekne av, er at samarbeidet med Russland om å sikre ei trygg forvaltning av fiskeressursane ikkje må gå tapt, seier fiskelagsleiaren.

Stengde hamner var eit av tiltaka Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj bad om då han talte til Stortinget førre veke.

Etter talen gjorde statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) det klart at dette ikkje var aktuelt, og han viste til at Noreg og Russland har eit omfattande fiskerisamarbeid. Høgre-leiar Erna Solberg meinte heller ikkje det var ein god idé.

– Noreg står saman med EU og andre land for å sikre at sanksjonane treffer sterkt og effektivt, og vi vil gjennomføre òg denne sanksjonspakken. No vil vi gå gjennom forslaga frå kommisjonen og vurdere om det er behov for tilpassingar når pakken skal innarbeidast i norsk rett, uttalte fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) til NTB onsdag.

Publisert: 07.04.2022 18:08

Sist oppdatert: 07.04.2022 18:18

Mer om