NPK-NTB: Sju av ti verksemder opplever ikkje nokon enklare kvardag etter fire år med Høgre-Frp-regjeringas forenklingsarbeid.
– Paradoksalt, meiner Virkes administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen om den ferske undersøkinga som organisasjonen la fram tysdag formiddag.
– At fleirtalet av våre medlemmer ikkje opplever noka forbetring trass i at Erna Solbergs (H) regjering har vore veldig opptatt av å forenkle for næringslivet, er eit paradoks, utdjupar Madsen.
Undersøkinga viser at 68 prosent av medlemsbedriftene opplever at det er like mykje reglar og rapporteringskrav no som for fire år sidan. Nesten to av tre, 28 prosent, seier det er blitt meir byråkrati. Nav blir opplevd som ein skjema-versting av dei Virke-tilknytte bedriftene.
To av ti opplever at det er blitt færre reguleringar og krav om innrapportering.
Regjeringa sjølv har berekna effekten av forenklingstiltaka til 15 milliardar sparte kroner. Problemet er at gevinsten blir eten opp, meiner Madsen. Det gjeld spesielt for småbedriftene, som trass alt utgjer 95 prosent av alle norske bedrifter.
– Deira oppleving er at byråkratiet er ein barriere mot auka lønsemd og konkurranseevne, seier Madsen.

Publisert: 27.09.2017 05:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41