Kort fortalt

Ikkje lenger brunost i Ørsta

Tine Meierier legg om drifta.

12.12.2017
NPK: Tine Meieriet Ørsta har slutta å produsera brunost. Denne produksjonen er no flytta til andre meieri.
– Vi har ikkje hatt brunost eller gommeproduksjon sidan oktober, seier meierisjef Bente Reklev til
Avviklinga av brunostproduksjonen i Ørsta er ein del av ei større omlegging i Tine Meierier. Då saka blei diskutert i sommar, stod meieriet i Ørsta i fare for bli lagt ned, men i staden blei det bestemt å leggja ned meieriet i Hardanger mot at all kremostproduksjonen blir samla i Ørsta, fortel avisa.
Som ein del av denne omlegginga blir brunostproduksjonen i Ørsta flytta til andre meieri. Ifylgje Møre Nytt skal all kremostproduksjonen til Tine samlast i Ørsta frå 2019.

Publisert: 12.12.2017 20:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40