(NPK): Planane om å slå saman kommunane Stryn, Horningdal, Eid og Gloppen til ein storkommune blir ikkje noko av.
Det er klart etter at dei politiske forhandlingsutvala i dei fire kommunane er samde om å avslutta arbeidet med ein intensjonsavtale om éin felles kommune. I staden vil dei arbeida vidare med intensjonsavtalar om å slå saman Stryn og Horningdal – og Gloppen og Eid, heiter det i ei pressemelding frå dei fire kommunane.
Sjølv om planane om ein storkommune no blir skrinlagt, ønskjer dei fire kommunane likevel å få til eit sterkare samarbeid for dei nye kommunane i midtre og indre Nordfjord både om kommunale tenester, samfunns- og næringsutvikling.
– Målet er å få dette samla avtaleverket på plass i januar 2016, heiter det i pressemeldinga. (©NPK)

Publisert: 04.12.2015 14:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49