Kort fortalt

Industrinedgang i fjor

Industriomsetninga gjekk ned med 4,5 prosent i fjor, ifølgje SSB.

05.02.2016
(NPK-NTB): Eksportmarknaden hadde ein nedgang på 2 prosent, mens innanlandsmarknaden sokk med 6 prosent, viser nye tal frå (SSB).
I siste kvartal sokk industriomsetninga med 3,2 prosent. Dei næringane som bidrog mest til nedgangen er selskap som driv med bygging av skip og oljeplattformer. I tillegg slit maskin- og metallindustrien og selskap som driv med maskinreparasjon.
Trass i nedgangen frå tredje til fjerde kvartal, vart det likevel registrert ein oppgang på 3,4 prosent frå november til desember i fjor. Dette kjem hovudsakleg av ein vekst i eksportmarknaden, ifølgje SSB. Selskap som byggjer skip og oljeplattformer, stod for 21,5 prosent av denne veksten.

Publisert: 05.02.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48