Kort fortalt

Industriproduksjonen auka

Litt betring i september.

07.12.2016
(NPK-NTB): Industriproduksjonen i Noreg auka frå september til oktober, men for siste tremånadersperioden var det ein nedgang.
Industriproduksjonen var 3,2 prosent lågare i perioden august til oktober i år, samanlikna med tremånadersperioden før, melder Statistisk sentralbyrå.
Frå september til oktober var det likevel ein auke på 0,2 prosent.
Den petroleumsretta leverandørindustrien er merkt av låg aktivitet og permisjonar. Størst var nedgangen i bygging av skip og oljeplattformer, her sokk produksjonen med 12 prosent. Det er også kraftig nedgang i næringar som maskinindustri, dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, maskinreparasjon og -installasjon.
Ser ein berre på månadstala frå september til oktober, auka likevel bygginga av skip og oljeplattformer med 5,7 prosent. (©NPK)

Publisert: 07.12.2016 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43