Kort fortalt

Inflasjonen på veg opp

 Inflasjonen aukar svakt i Noreg. Stigande husleige og dyrare mat har bidrege til å trekkje inflasjonen oppover.

10.02.2014
(NPK-NTB): Konsumprisindeksen steig med 2,3 prosent frå januar i fjor til januar i år, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein auke på 0,3 prosentpoeng frå raten i desember.
Husleige og prisane på mat og drikke har trekt indeksen oppover. Fallande prisar på flyreiser har derimot bidrege til å dempe utviklinga det siste året.
Den såkalla kjerneinflasjonen låg i januar på 2,4 prosent, opp 0,4 prosentpoeng frå desember.
Inflasjonstala er høgare enn venta og reduserer sannsynet for rentekutt i år, meiner analytikarane Kjersti Haugland og Kyrre Aamdal i DNB Markets. Dei trur renta vil bli halden uendra til hausten 2015. Analytikar Erik Johannes Bruce i Nordea meiner det ikkje er grunn til å endre prognosane.
– Inflasjonen vil mest sannsynleg fortsette å auke på grunn av svak kronekurs, seier han.

Publisert: 10.02.2014 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21