NPK: Både fiskarar, miljøorganisasjonar og forskarar reagerte da Miljødirektoratet 26. september gav Statoil grønt lys til å bore på Vikingbanken i Nordsjøen. No må oljekjempa vente, skriv Stavanger Aftenblad.
Norges Fiskarlag, Fiskebåt, Pelagisk Forening, Naturvernforbundet og Bellona har alle klaga på vedtaket. Pelagisk Forening har no fått medhald i at klagen skal ha utsetjande verknad. Det vil seie at Statoil ikkje får lov til å starte brønnarbeidet på Tune Statfjord-feltet før klagen er behandla og eventuelt avvist.
Området rundt 120 kilometer vest for Bergen er eit viktig gytefelt for tobis, som blir rekna som ein nøkkelart i Nordsjøen. Bestanden har gått kraftig tilbake i norsk sone på 2000-talet, og Vikingbanken har dei siste åra vore stengd for tobisfiske.
– Vikingbanken er definert som eit særleg verdifullt område, og at Miljødirektoratet gir løyve til boring og utslepp, er eit overtramp mot arbeidet som er lagt ned for å bevare og byggje opp tobisbestanden, sa leiar Terje Eriksen i Karmøy Fiskarlag til Stavanger Aftenblad tidlegare denne månaden.
Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har òg åtvara mot boring på dette feltet.
Statoil hadde planlagt å starte boringa på Tune Statfjord 15. november.

Publisert: 27.10.2017 15:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41