NPK: Då olje- og energiministeren var på vitjing i Haram kommune på Sunnmøre tysdag, fekk lokalbefolkninga ikkje vite om det blir nei til utbygging av vindkraftverk på Haramsfjellet.
Olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg frå Framstegspartiet kunne ikkje gje nokon svar på kva som vil skje med søknaden om å setje opp vindturbinar på Haramsfjellet då han vitja Haramsøya, fortel NRK.
Ministeren sa at klagebehandlinga er i gang og at det ikkje vil kome noko svar før i 2020.
Det er gitt konsesjon til bygging av åtte vindturbinar på Haramsfjellet. Kommunen, med støtte frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal, har klaga på vedtaket. Noregs vassdrags- og energidirektorat har derfor utsett anleggsstarten.

Publisert: 03.12.2019 15:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31