Kort fortalt

– Ingeniørar søkjer i desperasjon

Oljeingeniørar vil verte ortopediingeniørar.

05.11.2015
(NPK): Til ei ledig stilling som ortopediingeniør i Bergen renn det inn med søknadar, men ingen er kvalifiserte.
– Eg får ein heil haug med meldingar frå folk som ikkje er kvalifiserte, men dei eg eigentleg skal ha, får eg ikkje. Det fortel Petter Christensen, dagleg leiar i Drevelin Ortopedi AS, til Bergens Tidende.
Selskapet jobbar med å utvikle protesar, ortopediske bandasjar og spesielt tilpassa fottøy til medisinsk bruk. No søkjer ingeniørar frå ei kriseråka oljenæring seg til andre næringar og fagfelt.
– Det er ganske tragisk at så mange petroleums- og byggingeniørar søkjer i desperasjon. Ein har ringt tre gonger. Han meiner framleis at han er kvalifisert, seier Christensen til avisa.
Mellom 10 og 15 ortopediingeniørar blir uteksaminert annakvart år i Noreg, men behovet er større. Utdanninga skil seg frå anna ingeniørutdanning. (©NPK)

Publisert: 05.11.2015 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50