Kort fortalt

Innbrot hos Molde-urmakar

Politiet ber om tips.

27.09.2022

Natt til måndag var det innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde. No ønskjer politiet tips om ein stolen blå BMW, og oppgir registreringsnummeret for bilen.

Konkret ønskjer politiet opplysningar frå folk som har observert den stolne bilen, som dei meiner truleg vart brukt i samband med innbrotet. Politiet er interesserte i rørslene til bilen i tidsrommet frå klokka 02.00 og til han vart forlaten på eit jorde på Holmemstranda i Rauma klokka 05.45.

Politiet er også interesserte i å koma i kontakt med personar som har vore i Molde sentrum i tidsrommet 02.00 til 04.00 natt til måndag. Dessutan ønskjer dei at hytteeigarar i området Holm-Holmemstranda-Kvasstinden sjekkar om det har vore innbrot på hytta.

Dei ber folk kontakta politiet dersom dei har tips.

To rumenske statsborgarar er arresterte og sikta for bilbrukstjuveri og grovt tjuveri i samband med saka. Den siste av dei to vart arresterte i Rauma tysdag morgon.

Publisert: 27.09.2022 14:06

Sist oppdatert: 27.09.2022 14:07

Mer om