Kort fortalt

Innfører eigedomsskatt i Sande

Frp snudde og sikra fleirtal.

10.12.2025

Kommunestyret i Sande vedtok tysdag å innføre eigedomsskatt i kommunen frå neste år, ifølgje Vestlandsnytt

Etter å ha kjempa mot skatten tidlegare, snudde Frp og sikra fleirtal med Ap og Sp. 

Kommunen som er under statleg forvalting i Robek-registeret, må kutte utgifter og auke inntektene for å få økonomien i balanse.

Om promillesatsen blir auka, kan eigedomsskatten gi kommunen inntekter på 18 millionar kroner over ein fireårsperiode. 

Publisert: 10.12.2025 12:28

Sist oppdatert: 10.12.2025 13:09

Mer om