Kort fortalt

Innkjøp- og tilsettingstopp i Ålesund

Marius Rosbach
03.10.2023

Ålesund kommune innfører innkjøp- og tilsettingsstopp, ifølgje ei melding tysdag.

Bakgrunnen er eiit venta økonomisk meirforbruk for 2023 på nær 80 millionar kroner.

Det er leiargruppa i kommunen som frå måndag innførte tiltaket og alle behov om tilsettingar må opp til desse for vurdering. Det er eitt unntak, og det er stillingar som er midlertidige for arbeid med kommunedeling. Det er kun innkjøp som er strengt nødvendig og vurdert opp mot lovpålagt drift.

Innkjøp- og tilsettingsstopp som eit av flere tiltak, ifølgje kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.

Det blir óg redusert bruk av kurs og tenestereiser ut 2023, og julebord og arrangement for tilsette skal ikke dekkast av verksemda sitt budsjett. Det skal denne veka vere drøfting med tillitsvalte.

Publisert: 03.10.2023 12:15

Sist oppdatert: 03.10.2023 16:50

Mer om