Innstrammingar for russiske fiskefartøy
(NPK-NTB): Dei nye innstrammingane for russiske fiskefartøy trer i kraft 1. august. Formålet er å førebyggje uønskt eller ulovleg aktivitet, ifølgje regjeringa.
Innstrammingane, som vart varsla 5. juli, avgrensar russiske fiskefartøys tilgang til hamnene i Tromsø, Kirkenes og Båtsfjord, opplyser regjeringa i ei pressemelding.
Frå 1. august kan russiske fiskefartøy liggje til kai i maksimalt fem vyrkedagar, og ikkje meir enn sju døgn med helg og fridagar. Det skal også gå minimum tre døgn sidan førre opphald ved ei anna hamn på Fastlands-Noreg.
Unntak frå avgrensingane kan givast, men terskelen er høg og blir berre gitt i særskilde tilfelle, opplyser regjeringa.
(©NPK)
Publisert: 26.07.2024 10:35
Sist oppdatert: 26.07.2024 10:35