Kort fortalt

Inntektene til staten frå elavgift veks

Inntektene oppe i 11,1 milliardar.

24.11.2017
NPK-NTB: Statsinntektene frå elavgifta har dei siste åtte åra vakse forbi inntektene frå liknande særavgifter, blant anna vegbruksavgifta på diesel og bensin.
Det viser ei samanstilling av tal frå statsbudsjettet og statsrekneskapen som Direktoratet for økonomistyring har hjelpt med. Nettstaden representerer energibransjen.
Tala viser at inntektene til staten frå elavgifta har vakse frå 7,3 milliardar til 11,1 milliardar kroner i åra 2010 til 2018. Noko av auken kjem av auka forbruk, men det meste har si årsak i høgare elavgift.
Målt mot særavgifter på alkohol og tobakk og vegbruksavgifta på bensin og diesel har elavgifta gått frå å vere den minste av desse i 2010 til å bli den nest største neste år.
Inntektene til staten frå vegbruksavgifta på bensin har gått ned frå 7,4 til 5,2 milliardar kroner neste år, fordi det blir selt mindre bensin sjølv om avgifta har auka. Inntektene frå vegbruksavgift på diesel har auka, men ikkje like mykje som frå elavgifta.
Verdt å merke seg er det også at både bensin og diesel i tillegg til vegbruksavgift har ei CO2-avgift på 1,04 kroner per liter.
Alkoholavgifta er framleis den særavgifta som gir staten mest i inntekt, anslagsvis 13,6 milliardar neste år.

Publisert: 24.11.2017 17:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40