Kort fortalt

Interesse for norsk laks i Iran

Ny marknad kan opne seg.

28.09.2016
(NPK): Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har vitja Iran og melder om stor interesse for norsk fisk og teknologiske løysingar i oppdrett.
Ein næringslivsdelegasjon med 60 deltakarar frå sjømatnæringa, leverandørindustrien og maritime verksemder reiste saman med fiskeriministeren til Teheran denne veka.
– Iran er den marknaden for tilverka fisk som veks raskast i verda, seier Sandberg.
Han trur Iran gjev moglegheiter for eksport av både sjømat og teknologi, fordi Iran ønskjer å byggja opp si eiga oppdrettsnæring. I tillegg meiner han kompetanse og teknologi for å byggja eigen industri vil styrkja norsk sjømat på den iranske marknaden.
– Med opphevinga av sanksjonane har me ei unik moglegheit. Det er ikkje kvar dag ein marknad med 80 millionar menneske opnar seg over natta, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Publisert: 28.09.2016 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44