Kort fortalt

Investerer 145 mill. i fjordvarme

Store bygg i Førde skal om få år forsynast med fjordvarme. 

Ivar Myklebust Longvastøl
10.02.2014
Det regionale energiselskapet Sunnfjord Energi AS presenterte planane måndag, skriv avisa Firda.
Varmen frå fjordvatnet skal utnyttast på land. Prislappen er 145 millionar kroner, som gir eit tilskot på 20 millionar kroner frå Enova.
Stasjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energi tek atterhald om at store byggeigarar som Helse Førde, kommunen, fylkeskommunen inkludert dei vidaregåande skulane, hotell og handelshus vert kundar.
Nordfjordeid har i fleire år varma opp store bygg i sentrum med fjordvarme. Les meir.

Publisert: 10.02.2014 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21