(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Statoil og partnarane deira har levert ein plan for utbygging og drift av Utgard-funnet i Nordsjøen til norske og britiske styresmakter.
Planen for feltet som rommar utvinnbare reservar på om lag 56,4 millionar fat oljeekvivalentar, vart levert tysdag. Dei planlagde investeringane er på 3,5 milliardar kroner, opplyser Statoil,
– Vi ser at utbygginga vil vere trygg og lønsam, også med dei olje- og gassprisane vi ser i dag, seier porteføljedirektør Atle Reinseth i Statoil til NTB.
Eitt fat nordsjøolje kosta tysdag rundt 45 dollar.
Utgard strekkjer seg over den norsk-britiske sokkelgrensa, og det meste av reservane ligg på norsk side.
– Utgard er den første Statoil-utbygginga på mange år som utvinn ressursar på tvers av midtlinja, seier Torger Rød, direktør for prosjektutvikling i Statoil.
Utgard, som tidlegare heitte Alfa Sentral, vart funne i 1982 og ligg 21 kilometer frå Sleipner-feltet. Funnet har vore vurdert utbygd fleire gonger tidlegare.
– Tidlegare har det ikkje vore økonomi i Utgard-prosjektet, som er to felt på tvers av landegrensene. Vi har no klart å komme til semje om utbyggingsløysingar og i samarbeid med lisenshavarane og britiske og norske styresmakter fått lønsemd i Utgard, seier prosjektdirektør for feltet Tom Elseth til NTB.
Gass og kondensat frå Utgard skal sendast i ei ny røyrleidning til Sleipner-feltet for prosessering og vidare transport til marknaden.
Elseth understrekar også at feltet har eit høgt CO2-innhald og derfor krev CO2-fjerning og -lagring, noko som no lar seg gjere på Sleipner.
Det er også andre grunnar til at feltet først no blir bygd ut.
– Vi har dei siste åra jobba målretta med å få til forbetringar i standardisering og forenklingar. Vi brukar i mykje større grad «hyllevareprodukt» i prosjekta. Samtidig har leverandørindustrien bidratt positivt med forbetringar og forenklingar, seier Elseth.
Utgard-brønnane kjem etter planen i produksjon i slutten av 2019. (©NPK)

Publisert: 09.08.2016 13:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44