(NPK): Fiskeriminister Per Sandberg reiser i september til Teheran saman med ein næringsdelegasjonen innan sjømat, leverandørar og maritime bedrifter.
I slutten av september deltek fiskeriministeren på ein sjømatkonferanse i Iran i regi av Sjømatrådet og Innovasjon Noreg, melder Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
Iran er eit land med 80 millionar menneske, og Sandberg har tru på at Iran kan gi moglegheiter for eksport av både sjømat og teknologi.
– Norsk oppdrettsnæring er verdsleiande og vi opplever auka interesse for våre løysingar. Iran er tydelege på at dei ønskjer vekst i eiga oppdrettsnæring og dette kan gi moglegheiter for norsk leverandørindustri. Førebels sel vi lite fisk til Iran, men vi ser ei positiv utvikling og potensialet kan vere stort, seier Sandberg. (©NPK)

Publisert: 09.08.2016 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44