Kort fortalt

Island Offshore bikkar 2,3 milliardar

Ventar fleire nye kontraktar.

20.11.2023

Island Offshore vil nå ei omsetning i år på meir enn 2,3 milliardar kroner, ifølgje Vikebladet.

Også lønnsemda ser ut til å bli god i alle segment og reiarlaget har ei flåteutnytting på dei 21 skipa på meir enn 90 prosent.

– Vi har vore på same omsetningsnivå tidlegare, men då med fleire skip. Det at vi klarer å omsetje for så mykje med færre skip, er utruleg sterkt, seier Island Offshore-sjef Tommy Walaunet til avisa.

Reiarlaget jobbar med å sikre seg fleire langsiktige oppdrag. Ordreboka er no på kring tre milliardar, og er venta å auke betydeleg den næraste tida, ifølgje Walaunet.

Publisert: 20.11.2023 13:42

Sist oppdatert: 20.11.2023 13:42

Mer om