Kort fortalt

Island Offshore overtek nybygg

Island Offshore overtek forsyningsfartyet Island Dawn i dag, tysdag 21. januar.

21.01.2014
Fartyet blir levert fra Vard sitt verft i Brevik, og er det tredje i ein serie på fire frå verftet. Alle er av Rolls-Royce design, type UT 717 CD, i følgje ei pressemelding.
Island Dawn har same mål som dei andre i serien, 84,45 meter lengde og 17 meter breidde. Dekksarealet er på 800 kvadratmeter. Når nybyggingsprogrammet er ferdig tel Island Offshore sin flåte 30 farty.

Publisert: 21.01.2014 12:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22