Kort fortalt

IT-selskap inngår samarbeid

DP Consult og Astrofarm AS vil samarbeide.

Kristin Vidhammer
13.11.2017
Det opplyser dei i ei pressemelding.
Samarbeidet med DP Consult i Fosnavåg er ein del av Astrofarm AS si auka satsing inn mot det maritime miljøet på nordvestlandet. Astrofarm AS er eit selskap med hovudkontor i Asker, som tilbyr IT-tenester innan offshore og olje/gass.
Som eit resultat av dette vil selskapa saman kunne tilby eit breidt spekter av tenester og produkt til sine kundar. Tenestane varierar i frå kontordrift, sikker kommunikasjon mot skip, online tenester, sikkerheit, programvare, nettverk og prosjektering ved nybygg/konverteringar. I tillegg er det etablert vaktordning på helpdesk, og support på fleire språk, som norsk, engelsk, polsk, nederlandsk og tysk.
Dei vil jobbe under Astrofarm sitt namn.

Publisert: 13.11.2017 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41