Kort fortalt

Ja til Havfisk-sal

Regjeringa gir Lerøy grønt lys til sjømatoppkjøp.

25.08.2016
(NPK-NTB): Nærings- og fiskeridepartementet har godkjent den fiskerimessige delen av Lerøys planlagte kjøp av Havfisk og Norway Seafoods.
Dermed overtar Lerøy Seafoods Group ASA 64,42 prosent av aksjane i Havfisk ASA og 73,63 prosent av aksjane i Norway Seafoods AS.
– Lerøy er i dag ein av Noregs leiande sjømatleverandørar. Etter mi oppfatning vil det at Lerøy går inn i Havfisk og Norway Seafoods kunne styrke fiskeforedlingsverksemda, og vere positivt for kvitfisknæringa i Noreg gjennom den solide kompetansen og det breie distribusjonsnettverket til selskapet, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Departementet opplyser at godkjenninga er gitt etter reglene i deltakarlova og gjeld den fiskerimessige sida av kjøpet.
Alle vilkår knytt til Havfisk ASAS tidlegare løyve er vidareført, noko som inneber at alle leveringsvilkår knytt til torsketrålarane blir ståande uendra. Det same gjeld aktivitetskravet på Havfisks seks anlegg i Stamsund, Melbu, Hammerfest, Storbukt, Kjøllefjord og Båtsfjord. (©NPK)

Publisert: 25.08.2016 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44