Kort fortalt

Jobbar for ny behandling av Fjord1-salet

Mindretalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane jobbar med å kunne krevje ei ny behandling av salet av aksjane i F1 Holding, fortel Bergens Tidende.

01.12.2015
(NPK): – Det vi no gjer er å sjekke om dei 13 som har fremja lovlegheitskontroll av salet også vil stille seg bak eit krav om å fremje saka på nytt, seier medlem av fylkesutvalet, Hilmar Høl (Ap), til avisa
Han forklarar at det trengst færre enn mindretalet på 15 stemmer for å krevje ny handsaming.
– Er ikkje saka lovleg, må den opp til lovleg behandling, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og medlem av fylkestinget, til Sunnmørsposten.
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sa derimot måndag til NRK at avtalen er signert og salet av Fjord 1 endeleg. (©NPK)

Publisert: 01.12.2015 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49