Kort fortalt

Jobbar helgane på pizzafabrikken

18.01.2024

Ved Orkla sin pizzafabrikk på Stranda har dei jobba sidan november jobba helgar for å ta unna etterspurnaden, ifølgje Sunnmørsposten.

Fabrikksjef Svein Urke rosar dei tilsette for ståpåviljen.

– Det er fantastisk at dei vil stå på slik dei gjer. Og dette skjer i dialog med dei tillitsvalde, slik at vi følgjer alle lovar og reglar – og søkjer dispensasjon dersom det er naudsynt, seier han til avisa.

Daglegvarekjedene sine kampanjar mellom anna for Grandiosa, er årsaka til oppsvinget. Fabrikksjefen reknar med at dei er nøydd til å «halde trykket oppe» fram til påske.

Han ikkje opplyse kor mange pizzaer som blei produsert på Stranda i fjor, fordi det er børssensitiv informasjon, men det vart ikkje ny rekord.

Publisert: 18.01.2024 10:07

Sist oppdatert: 18.01.2024 10:07

Mer om