Kort fortalt

Jobbar i joggebukse

Mange lettkledde på heimekontoret.

23.04.2020
NPK-NTB: Regjeringa oppmodar til heimekontor i koronakrisa. Ei ny undersøking viser at éin av tre nordmenn sit i joggebukse medan dei er på jobb heimanfrå.
Undersøkinga er gjennomført av YouGov på vegner av forsikringsselskapet If. 1.010 personar over 18 år deltok i undersøkinga.
31 prosent svarar at dei tykkjer «det held med joggebukse og t-skjorte eller liknande», medan berre 23 prosent svarar at dei kler seg i vanleg arbeidsklede.
– Skiljet mellom jobb og fritid blir viska ut for mange. Fire av ti svarar at det har vore vanskeleg å halde tida mellom det som er jobb og det som er privat, frå kvarandre dei siste vekene, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i If.

Publisert: 23.04.2020 10:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28