Kort fortalt

Jobbar med å få ut reisande frå Israel

Utfordring for Ålesund-selskap som følgje av krigshandlingane.

09.10.2023

Plussreiser i Ålesund jobbar med å få ut fleire av sine reisande frå Israel, skriv NRK Møre og Romsdal.

Reisearrangøren fekk søndag kveld 21 av sine reisande og måndag morgon kjem nye 42 personar med på eit fly ut av landet. Selskapet har framleis 50 reisande att i Israel som dei også jobbar med å få heim.

Dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne fortel at deira reisande ikkje har merka noko til krigshandlingane i landet.

Hamas innleidde laurdag morgon eit storstilt angrep mot Israel, der tusenvis av rakettar flaug over grensa frå Gaza mot det sørvestasiatiske landet. Samtidig gjekk militante Hamas-krigarar inn i Israel og angreip både sivile og militære mål. Israelarane svarte med angrep mot Gaza.

Publisert: 09.10.2023 08:49

Sist oppdatert: 09.10.2023 10:45

Mer om