- Det er ein medarbeidar hos oss som er blitt spurt om han kan tenkje seg å bistå politiet som kommunikasjonsmedarbeidar i eit halvt år framover, seier ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten.
Formelt blir journalist Olav Sindre Rise framleis tilsett i Sunnmørsposten, som fakturerer politiet. Politiet forhandlar om ein avtale, men den er ikkje inngått enno, stadfestar politimeister Ingar Bøen i Møre og Romdal politidistrikt.
Avtalen er ei praktisk ordning for medarbeidarar i kortare permisjonar, mellom anna av omsyn til pensjonsopptening, seier Relling Berg om ordninga. Avisa har tidlegare gitt ein medarbeider permisjon på liknande vilkår i samband med undervisning.
Dersom Rise kjem attende til Sunnmørsposten vil han få karantene frå å dekke politisaker.

Publisert: 23.12.2015 13:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49