Kort fortalt

Jublar for svak krone

Svak krone og låg oljepris er gull verdt for fiskarane.

29.06.2016
(NPK-NTB): Fiskarane har fått dobla prisane på sine varer, mykje takka vere kronesvekking og låg oljepris, ifølgje Nofima-forskar.
– Norsk sjømatnæring er meir påverka av valutaendringar enn andre eksportnæringar og har tent meir på svak kronekurs enn andre, seier Nofima-forskar Thomas Nyrud til . Han seier eksportverdien steig med 22 milliardar kroner frå 2012 til 2015, og mener at mesteparten av dette – 14 milliarder – er effekten av ei svakare krone.
Frå januar 2013 til desember 2015 er den norske krona svekt med 30 prosent. (©NPK)

Publisert: 29.06.2016 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45