NPK-NTB: Norske juletre er populære også i utlandet og i Moskva er russarane villige til å betale opp mot 3.000 kroner for luksus-edelgran frå Vestlandet.
Dagleg leiar John-Anders Strande i bransjeorganisasjonen Norsk Juletre seier til at det er rekordpris. Også i Tyskland, Austerrike og Nederland oppnår norske juletre gode prisar om dagen.
– Prisutviklinga for norske juletre i utlandet bør vere ein kraftig motivasjon for norske gardbrukarar til å satse meir på dyrking av juletre. Det blir i dag produsert alt for lite edelgran i Noreg til å dekkje etterspørselen som veks både i Noreg og Europa elles, meiner Strande.
Han hevdar at stadig fleire får auga opp for at norske juletre held høg kvalitet.
– Samtidig blir den europeiske marknaden meir og meir miljøbevisst – og har fått med seg at Noreg har strenge reglar for kva som er lov å bruke av ulike middel i dyrking av juletre, seier Strande.
Ifølgje Strande er det norske juletremarknaden på i underkant av ein milliard kroner. Han anslår at det i år vil vere 1,8 millionar husstandar i Noreg som har juletre. Ein million av desse har eit tre frå norske juletreprodusentar.
Rundt 50.000 kjem til å hogge treet sjølv i skogen til seg sjølv eller andre, mens rundt 350.000 husstandar har tre av plast.
– Vi kjem i år til å importere rundt 400.000 tre frå Danmark, seier leiaren for Norsk Juletre.

Publisert: 05.12.2017 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40