Kort fortalt

Kamp for Ålesund-politimeister

Beredskapsselskap vil ha politimeisteren i Ålesund.

04.11.2015
(NPK): Styret i Åknes/Tafjord beredskap ønskjer at politimeisteren i Møre og Romsdal får sete i Ålesund.
Det interkommunale selskapet driv overvaking av rasutsette område, mellom anna Åkneset i Storfjorden, fortel . I debatten omkring politimeisteren skal sitje i Kristiansund eller Ålesund, held styret i Åknes/Tafjord beredskap ein knapp på sistnemnde by. At Kristiansund bør ha politimeistersetet for å sikre statlege arbeidsplassar, er ikkje eit argument styreleiar i Åknes/Tafjord beredskap støttar.
– Det er heilt meiningslaust å byggje ned det systemet vi har brukt årevis på å byggje opp rundt politimeisteren i Ålesund, seier styreleiar Frank Sve til NRK.no.
Sve ønskjer ikkje svare på om han ikkje meiner ein politimeister med sete i Kristiansund kan handtere eit ras frå Åkneset. Styret vedtok ein høyringsuttale i spørsmålet tysdag, der det går tydeleg fram at dei ikkje ønskjer politimeisteren plassert på Nordmøre. (©NPK)

Publisert: 04.11.2015 11:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50