Kort fortalt

Kamp om kyrkjekontrakt

Snøhetta blant dei som vil teikne ny kyrkje i Ulstein.

20.11.2015
(NPK): Fire arkitektfirma er valde ut til konkurransen om å teikne den nye kyrkja i Ulsteinvik i Møre og Romsdal
38 firma søkte om å få vere med i konkurransen, fortel . Ulstein kyrkjelege fellesråd har no valt ut Link, Ratio/HBA, Snøhetta og Espen Surnevik til å teikne kvart sitt konkurranseutkast.
Ifølgje Ulstein sokn skal den nye kyrkja byggjast ved den 166 år gamle trekyrkja som står i Ulsteinvik frå før.
– Det er eit ønske om eit stilreint og vakkert bygg, som finn si plassering i harmonisk samspel med den nedlagde kyrkjegarden og eksisterande kyrkje, med ein felles og inviterande «kyrkjebakke», blir det opplyst i konkurransegrunnlaget frå Ulstein sokn. (©NPK)

Publisert: 20.11.2015 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50