Kort fortalt

Kan bli dyrt å dele Kinn

Samanslått kommune ba om råd.

14.07.2022

(NPK-NTB): Ei oppdeling av Kinn kommune vil gi store ekstrakostnader, konkluderer ein rapport bestilt av Statsforvaltaren i Vestland.

I tillegg til store ekstrakostnader vil også oppdeling av kommunen skape utfordringar med å gi innbyggjarane eit godt nok tenestetilbod. Ei oppdeling kan også skape uvisse, og kanskje stoppe utviklings- og investeringsprosjekt. Det er hovudkonklusjonen i ein rapport frå rådgivings- og revisjonsselskapet BDO, skriv NRK.

I 2020 vart kommunane Flora og Vågsøy i Vestland samanslått til Kinn. Tidlegare i år søkte kommunen Kommunal- og distriktsdepartementet om å greie ut deling av kommunen.

Kinn grunngav søknaden med at kommunen ikkje har ein optimal struktur for framtida og ville få ei avklaring på om innbyggjarane dreg nytte av å føre vidare dagens Kinn kommune.

Kommunestyret skal halde folkeavstemming om oppdeling 1. september.

(©NPK)

Publisert: 14.07.2022 12:20

Sist oppdatert: 14.07.2022 12:21

Mer om