Kort fortalt

Kan bli mangel på norske grønsaker

Produsentane slit med straumkostnadene.

05.09.2022

(NPK-NTB): Taket på straumstøtte kan gi mangel på norske lagringsgrønsaker i vinter, åtvarar grønsakbønder.

Straumstøtta til landbruket har eit tak på 20.000 kilowattimar (kWh) i månaden. Det er for lite for bønder som lagrar grønsaker med sikte på å forsyne marknaden vinterstid.

Asbjørn Stokkeland, grønsakbonde på Jæren, fortel til Nationen at han bruker opp mot 75.000 kWh i månaden på å kjøle ned og lagre gulrøter og løk.

Han fortel at straumutgiftene er mangedobla – frå 500.000 til 700.000 kroner mellom 2016 og 2020. I 2021 kosta straumen 1,6 millionar kroner, og i år kan kostnadene passere 4 millionar kroner før nettleige.

Stokkeland seier at om ikkje taket på straumstøtta blir kraftig heva eller fjerna, kan det bli vanskeleg å finne norske lagringsgrønsaker i butikkane utover vinteren og våren.

– Situasjonen er den same for dei fleste som driv med lagringsgrønsaker. Vi har målprisar og kan ikkje ta kostnadsveksten ut i marknaden. Utan endringar i taket på straumstøtta så trur eg det vil bli lite lagringsgrønsaker å finne i butikkane i mars og april og utover, seier Stokkeland.

(©NPK)

Publisert: 05.09.2022 10:00

Sist oppdatert: 05.09.2022 10:02

Mer om