Kort fortalt

Kan bli størrre havvind-subsidiar

15 milliardar er ikkje nok.

15.05.2023

NPK-NTB: Noregs første, store havvindprosjekt kan koste skattebetalarane langt meir i subsidiar enn dei 15 milliardane som har vore føresett til no.

Regjeringas mål har vore å avgrense subsidiane til 15 milliardar kroner. No kan rekninga bli høgare.

– Anslaget var basert på tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Undervegs har det kome informasjon som kan bety at talet kan bli noko høgare.

Det seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til Dagens Næringsliv om statsstøtta til Noregs første havvindprosjekt.

Regjeringa har fått kritikk frå mange hald for forslaget sitt til statsstøtte. Bransjen har åtvara om at han måtte ha høgare subsidiar, og opposisjonen har klaga på utdaterte kostnadsoverslag.

På Sørlige Nordsjø II skal det byggjast botnfaste vindmøller. I ein proposisjon sendt til Stortinget like før påske, foreslo regjeringa ein prisgaranti frå staten for straumen på 66 øre per kilowattime. Om produsenten sel krafta for ein lågare pris i marknaden, må staten dekkje mellomlegget.

Publisert: 15.05.2023 07:52

Sist oppdatert: 15.05.2023 07:52