Kort fortalt

Kan bygge 270 meter høge vindturbinar

Svensk selskap med planar i Rogaland.

23.01.2023
(NPK-NTB): Eit svensk selskap vurderer å byggje inntil 270 meter høge vindturbinar i Bjerkreim kommune i Rogaland.

Til samanlikning er Postgirobygget og hotellet Oslo Plaza høvesvis 112 og 117 meter høge. Dei høgaste vindturbinane i Noreg i dag er rundt 220 meter høge og er sett opp på Kjølberget i Våler kommune i Hedmark.

– Det går ikkje an å byggje utan at det synest. Ein del synest det ser stygt ut, nokre synest det er flott, seier Gustav Grumert, partnar i IOWN Energy, som står bak planane til Stavanger Aftenblad.

Han har 15 år bak seg i vindkraftbransjen og håpar på driftsstart på Trollåsen i 2028/2029.

I prosjektskildringa oppgir selskapet at vindturbinane kan bli frå 220 til 270 meter høge, men Grumert seier det ikkje er sikkert at det blir så høgt.

– 220 til 270 meter er eit estimat om framtida. Vi veit ikkje korleis teknologien og standarden er om fem til sju år. Endeleg høgd blir bestemd fleire år fram i tid, så det er ikkje heilt enkelt å gi eit godt svar på kor høgt det blir.

Planen er å byggje 12 til 16 vindturbinar. Ifølgje prosjektskildringa kan vindturbinane vere synlege over avstandar på 40–50 kilometer i klarvêr.

Dersom politikarane seier ja til Trollåsen vindkraftverk i Bjerkreim, vil det svenske selskapet leggje cirka 11 kilometers anleggsveg og bruke fleire milliardar kroner i investeringar i området vest for E39 og Bjerkreimselva.

(©NPK)

Publisert: 23.01.2023 09:57

Sist oppdatert: 23.01.2023 09:59

Mer om